Sjøbuer

Marifjøra Sjøbuer er fire flotte hytter i rorbustil bygd i eigar sin hage i fjordkanten ved Marifjøra. Flott utsikt innover fjorden mot Gaupne og utover fjorden mot høge fjell og Feigumsfossen i det fjerne. Her kan du sitte på terrassen og nyte utsikten, ta turar på fjorden eller leggja opp til interessante bilutflukter i vakker og skiftande natur.


Hyttene er bygd i rekke og ligg i Marifjøra, kor ein ellers finn hotell, kafè og nokre bustadhus. Kort veg (3 km) til Gaupne med fleire butikkar og turistkontor. Mange turmoglegheitar til fots (her frå Marifjøra til Molden) og med bil langs fjorden og via avstikkarar til fjell og dalar, der merka stiar fører inn i mektige fjellområde i Breheimen og Jotunheimen - men også turar til kjente attraksjonar (Jostedalsbreen, Breheimsenteret, Sognefjellet, Urnes stavkyrkje).


Kvar hytte har:

- Kombinert stove / kjøkken

- Flislagd bad med dusj / WC / varmekablar

- Eit soverom i 1. etg med 2 senger og eit soverom med dobbelt seng på loft

- Tv og radio

- Trådløs internettilkobling

- Kaffitraktar, vasskokar

- Stort kombinert kjøle/fryse skåp

- Oppvaskmaskin.

- I fellesrom: vaskemaskin, tørketrommel og strykejern/brett

- Kvar hytte har utemøblar og utegrill

- Kjøpesenter: 3 km

- Parkering ved hytta


Røyking og kjæledyr er ikkje tillatt i hytta!